Takeaway med betre samvit

Malin-takeaway-emballasje.jpeg

Vi er i gang med å bytte ut plastemballasjen til meir miljøvennleg emballasje. Den nye emballasjen kan gjenvinnast og er laga av bambus. 

Ein av grunnane til at bambus er eit miljøvennleg val er fordi bambus er den raskast veksande skogplanta på jorda og det kjem årleg nye skot på planta. I tillegg til dette kjem ikkje bambusen som nyttast i produkta frå naturreservata der pandaen bur, og er difor eit mykje betre alternativ enn plast. 

Vi i Malin reknar med dette vil redusere vårt forbruk av plast med heile 90 % og dette er berre starten. Vi søkjer aktivt etter andre moglegheiter til å bli meir miljøvennlege, både gjennom råvarer og emballasje. 

Per i dag vil dette kun gjelde restauranten i Sogndal, men vi vil implementere dette til våre andre restaurantar i nær framtid.

Bestill takeaway

Gasta Design