Damenes aften med Roar Brekke-show og motevisning
Feb
26
8:00 PM20:00

Damenes aften med Roar Brekke-show og motevisning

Moteshow med lokale butikkar og standupshow med Roar Brekke!

All VERDENS TID er Roar Brekkes fjerde heilaftens show, og ut i frå responsen etter 13 førestillingar i Bergen, også hans beste! 
Oddingen er kjent for sine herlege observasjonar av ting me alle kjenner oss igjen i, og unik mimikk og fysikk. Så også i dette showet, der TID er den raude tråden: Kvifor har me så dårlig tid? Det betyr humor rundt tidsklemma, 40 filmkanalar, facebook, selfies - og ferdig utblanda saft (!). Korleis var det før i tida? Det betyr humor rundt talskivetelefonar, bilturar på 70-talet i folkevognboble, og forklaring på uttrykket ”fortere enn svint”. Også her toppar Brekke showet med fantastiske fysiske nummer: Han er flue, tegneseriefigur – og Trim for eldre-deltaker.

Ta med deg klubbgjengen, søster, mor, datter og gode venninner til ein sosial kveld i Blaoboxen. Me kan garantera god stemning og latter for fleire generasjonar. 

Moteshowet startar kl. 20:00. 
Det blir kler frå Vic og Ice Planet, samt hår og sminke av Stil Frisør & Velvære. 
Deretter blir det standupshow med Roar Brekke. 

Det blir servering av fingermat frå Restauranthuset Malin.

Blaoboxen Bar er open heile kvelden.

NB: Aldersgrense 18 år.

Velkommen til ein spennande kveld med siste nytt innen kler og mote, samt latterbrøl og standupshow!

View Event →
Ingrid Bjørnov og Øystein Sunde
Feb
21
7:00 PM19:00

Ingrid Bjørnov og Øystein Sunde

Bjørnov og Sunde prøver nye og gamle, ferdige og halvferdige songar.

Dei som har opplevd Ingrid Bjørnov og Øystein Sunde på same scene kan skrive under på at det er ein heilt ekstraordinær oppleving. Munnrappe som få, musikalske, med humor der du minst aner det. Dei leiker med gamle låtar, men tør også å presentera ferske kladdetekstar og halvkvedne viser over aktuelle tema.

Ingrid og Øystein har nå lagt bak seg to store kulturhusturnéar og det med utselde salar overalt.

Når dei nå opnar dørene er dei pene i tøyet, med nye strengar, og med nypussa sko!

View Event →
Riksteatret: KALVØ
Feb
13
6:00 PM18:00

Riksteatret: KALVØ

Kom innom Restauranthuset Malin og kos dykk med rettar frå vår à la carte-meny før eller etter showet til Are Kalvø på Kulturhuset. Vi har opent frå 12.00-24.00.

- Ein time av livet ditt du aldri får tilbake.

Humorshow av og med Are Kalvø

Visste du at vi nyttar om lag tre og eit halvt år av liva våre til å pusse tennene og stelle oss?

At vi søv i gjennomsnittleg 27 år? Ser på TV og er på nett i 10 år? Ikkje det?

Are Kalvø har saumfare tala i Statistisk Sentralbyrås Tidsbrukundersøking frå 2012, og funne fram til dei raraste ting vi bruker utruleg mykje tid på.

INTENS JAKT Er vi som lever her og no i det heile i stand til å gjere noko stort? Eller har vi for mykje anna å gjere? Kalvø leitar etter svar og nyttar skamlaust eksempel frå sitt eige liv og oppvekst, frå venner, kvardagsmenneske, politikarar, idrettsstjerner og andre kjendisar.

Til å hjelpe seg på scenen har han eit lite husband, i tillegg til ein ny gjest kvar kveld. FINN HAN SVARET?

Ikkje godt å seie, men han har tenkt å ha det morosamt medan han leitar. Og han har tenkt å bryte ut i song og digresjonar om alt frå plukkfisk til pubquiz, og kanskje – viss alt anna slår feil – i dans.

Nyttar vi tida vår på dei rette eller dei gale tinga? Kanskje ligg svaret på eit av livets store gåter skjult i tala om tidsbruk. Kanskje sjølve meininga med livet.

 «Are Kalvø stiller i en helt egen humordivisjon» Aftenposten

«En forestilling å få med seg» VG (5)

«De best anvendte 90 minuttene hvis man vil more seg» Dagsavisen

Speletid: 1 time og 30 minutt (ikkje pause). Turnépremiere i Stjørdal 11. november 2015. På turné til heile landet haust 2015 og vår 2016. På scenen Are Kalvø, Ole Marius Melhuus (bass) og Ståle Sletner (piano). Team Av Are Kalvø. Regissør Erik Ulfsby. Musikkansvarleg: Ståle Sletner. Scenograf og kostymedesignar: Mia Runningen. Projeksjonar: Raymond Stubberud og Nikolai Bergstrøm. Lysdesignar: Ole Randers. Dramaturg: Ola E. Bø. Manusinnspel fra Jens M. Johansson, Agnes Ravatn, Dagfinn Lyngbø og Erik Ulfsby. Riksteatret i samarbeid med Stand Up Norge presenterer KALVØ, ei framsyning produsert av Det Norske Teatret og Are Kalvø. KALVØ hadde urpremiere på Det Norske Teatret 31. oktober 2014

View Event →
Erlend Apneseth Trio
Feb
12
10:00 PM22:00

Erlend Apneseth Trio

Kos deg med mat frå vår a la carte meny før konsert i Blaoboxen på Kulturhuset.

Om konserten:
Releasekonsert med Erlend Apneseth Trio i Blaoboxen!

Erlend Apneseth er ein prisvinnande hardingfelespelar frå Jølster i Sogn og Fjordane, og av dei aller fremste unge folkemusikarane i landet i dag. Samtidig har han etablert seg med eit meir moderne uttrykk der han søker seg mot improvisert musikk og samtidsmusikk, stadig med utgangspunkt i klangane frå hardingfela og folkemusikken. Erlend har lagt bak seg omfattande konsertverksemd i både inn- og utland, og I 2012 mottok han Grappas debutantpris. 4 år seinare er han no attende med ny trio og nytt album - og han er klar for å gje publikum i Blaoboxen ein magisk konsert!

Debutalbumet - Blikkspor, produsert av Arve Henriksen - kom i 2013 til strålande kritikkar. Av det tyske musikkmagasinet Jazzthing blir Apneseth omtalt som “ein spydspiss i den nordiske folkemusikken”, og av Bergens Tidende som “ein glimrande formidlar av folkemusikk, og samtidig ein nyskapar som utvidar folkemusikken i retningar som fascinerer”. Ikkje verst!

Erlend har no utvida samarbeidet med trommisunikumet frå Borgund - Øyvind Hegg-Lunde (Building Instrument, José Gonzalez sitt Junip), og gitarist Stephan Meidell (Cakewalk, Krachmacher) som også bidrog på debutalbumet. Det nye albumet - ferdig innspelt under namnet Erlend Apneseth Trio blir sleppt på det framadstormande selskapet HUBRO 5. februar 2016. Erlend Apneseth Trio Står på scena i Blaoboxen fredag 12. februar som ein av stoppa på releaseturnéen sin.

Fredag 12. februar

Dørane opnar: kl.  20:00

Konsertstart: kl.  22:00

Billettpris 215,- (Kjøpast på kulturhuset sine nettside eller i kulturhus-kiosken)

View Event →
Jubileumsførestilling - SiL 90 år
Jan
30
5:30 PM17:30

Jubileumsførestilling - SiL 90 år

Feir Sogndal Idrettslag sitt 90-års jubileum laurdag 30. januar med mat frå vår à la carte-meny før eller etter førestillinga på Kkulturhuset.

Sogndal Idrettslag er 90 år, og inviterar til jubileumsførestilling!

Sogndal Idrettslag kan by på artistar som Tone Damli Aaberge, Olav Stedje, Einar Bolstad, Gunn Marit Kvåle også kjem det ei musikalsk overrasking eller to i tillegg.

Taekwondo og turn skal ha show, og denne kvelden vil vi også dele ut æresmedlemskap, heidersteiken og SIL-prisen. 
Vil du vita kven det er? Ja då må du kome!

View Event →
Konsert med Kabaret Makaber i Blaoboxen!
Jan
23
10:00 PM22:00

Konsert med Kabaret Makaber i Blaoboxen!

Kabaret liggande.jpg

Kabaret Makaber er eit jazzensemble som speler noirforteljingar frå bygda på sognedialekt.

Med kjærleik for det skakke, vonde og burleske er Kabaret Makaber sognenoir på sitt verste og beste. Musikken er inspirert av tysk mellomkrigsmusikk, finsk tango, swingjazz og eldre revyviser med ein fandenivoldsk tilstadeverande som grensar til punk.

Tekstane sviv rundt i mørke dalar og krokete fjellvegar kor Djevelen kjem på døra ein sundagskveld, og bussar utan bussjåførar køyrer ruta mellom Høyanger og Lærdal. Austeuropeiske gravferdsagentar dansar vals med daudingane sine, raude sko vert kappa av med føtna då dei ikkje klarar slutte å danse, og ein flyktar over Filefjell etter å ha rana Indre Sogn Sparebank.

Kabaret Makaber speler ein biletrik framsyning som spenner frå innadvendte sørgeballadar til ekstatiske danselåtar og har opparbeida ein heftig liveperformance i den vestlandske undergrunnen. Konsertopplevinga ein får hjå Kabaret Makaber får ein ikkje nokon annan stad.

Kabaret Markaber består av: //Vokal: Marita V. Bratteteig // Altsax: Morten Norheim // Barytonsax: Mads Lønnkvist // Marimba: Torstein Åvar Sollien // Kontrabass: Alexander Lund // Trommer: Tomas Myklebust //

View Event →
Teater: So vakker du er
Jan
16
7:30 PM19:30

Teater: So vakker du er

Om forestillinga:

Det er rart, sa eg. 
Kva då? svarte Kjersti. 
Kor glad og ulykkeleg ein kan vere på same tid, svara eg.

Det er sommar, og alt er annleis. Onkel Simon flyttar inn hos Henrik og mora. Simon og Henrik har alltid hatt eit nært forhold, men no er Simon sjuk, veldig sjuk. Henrik fortel Simon at han har kyssa Kjersti, ei jente i klassen, men sanninga er at han ikkje torde. No har Kjersti vore på ferie i Italia, og Henrik lurer på om ho har sakna han.

Eit ungt kraftlag frå fylket står bak denne framsyninga, når musikar Thea Hjelmeland og regissør Miriam Prestøy Lie går saman om å iscenesetje Brynjulf Jung Tjønn sin brageprisvinnande ungdomsroman. Så vakker du er fortel historia om ein gut som er i ferd med å bli ein mann, mens ein annan ung mann visnar bort. Men mest av alt handlar det om at ein må gripe dei sjansane livet gir.

View Event →
Familieaften: Elevførestilling for Dans Utan Grenser - Peter Pan i Drømmeland
Dec
14
5:00 PM17:00

Familieaften: Elevførestilling for Dans Utan Grenser - Peter Pan i Drømmeland

Kombiner elevførestilling på kulturhuset med familiemiddag på Restauranthuset Malin. Vi har barnebuffet med dessert til kr. 80,-. Barn under 3 år får gratis mat.
Til dei vaksne tilbyr vi mange spennade rettar på vår à la carte-meny.

Vi har opent til kl. 22.00


Om førestillinga:
Danseførestilling med elevar frå Sogndal Danseverkstad.

Måndag 14.desember vert det endeleg elevførestilling for Danseverkstaden/Dans Utan Grenser Sogndal igjen!!

Elevane har denne hausten fått lære dansar som er inspirert av Peter Pan og Neverlandhistoriane. 
Førestillinga er difor ei danseoppsetning av vår versjon av Peter Pan. 
Elevane gledar seg masse til å vise fram dei dansane dei har lært denne hausten!

Velkomen til ein eventyrleg dansekveld med dei flinke elevane våre.

Bilettprisar: 100 kr for vaksen og 80 kr for barn under 12 år.

View Event →
Julesong 2015
Dec
12
5:00 PM17:00

Julesong 2015

Kombiner julekonsert på kulturhuset med Restauranthuset Malin sin à la carte.
Vi har opent frå kl. 11.00-24.00. Kjøkkenet stenger kl. 22.00


Julekonsert i storsalen med Tone Damli, Einar Bolstad, Kari Malmanger og Gunn Marit Kvåle.

Saman med erfarne musikarar som Inge Ronny Kvåle (strengeinstrument), Bjørn Tore Årøy (tangentar) og Trond Øyre (lyd- og lysdesign) har dei sett saman ei framsyning som høver til advents- og førjulstida i Sogn.

Kremlaget som dannar “Julesong 2015” vil dei fleste kjenna att som ein del av konsertserien “Desembernatt” i Stedje kyrkje og TV-programmet “NRK Julelutt” som vart vist på NRK1 på julafta 2014.

Tone stiller mellom anna med melodiar frå sitt julealbum “Di Første Jul” som kom ut i 2014. Kari vil mellom anna bidra med tradisjonsstoff frå folkemusikk og salmar, medan Einar og Gunn Marit syng fleire av dei mest kjende julesongane, og andre sangar som høver i førjulstida.

Set av kvelden laurdag 12. desember slik at du kjem i julestemning i år du òg.

View Event →
Sigrid Moldestad – Vintersong 2015
Dec
9
6:30 PM18:30

Sigrid Moldestad – Vintersong 2015

Kombiner konsert med Sigrid Moldestad på kulturhuset med sushibuffet på Restauranthuset Malin.
Onsdag 9. desember har vi sushibuffet til kr. 198,- kl. 15:00-20:00.


Folkekjære og kritikarroste Sigrid Moldestad kjem også i år til Sogndal Kulturhus med førjuls-turneen “Vintersong”.

Fjorårets utselde VINTERSONG turne vart ein stor suksess! Med ei blanding av eigne songar, julesongar og andre låtar som passar mørketida lagde Sigrid Moldestad ein unik førjulskonsert. Det er difor med stor glede ein kan melde at ho gjentek konsertideen også i år. ” Vintersong er eit drøymeprosjekt” seier ho. «Eg hadde lyst å lage ein konsert med songar eg sjølv likar å lytte til i vinterhalvåret, nye versjonar av mine låtar og klassiske julesvisker i ei personlig musikalske drakt. Eg er veldig audmjuk over at folk likar å gå på konsert på denne tida av året, og at tilboda er mange. Difor var målet mitt å lage ein litt annleis konsert. Det trur eg vi lukkast med ifjor, seier ho.

I år vert råma ekstra nær og intim når ho tek med seg Oslo Strings. Strykekvartetten er kjende for å utfordre grensen for kva og kor eit strykeensemble skal vere og har jobba med alt frå Karpe Diem, Siri Nilsen, Marit Larsen og Kurt Nilsen til meir tradisjonelle klassiske uttrykk. Dei er også mykje nytta i studio, både til filmmusikk og plateinnspelingar. Saman med gitaristane Mattias Perez/Adam Johansson og med-arrangør Karl-Johan Ankarblom, vil songane til Sigrid Moldestad få ei ekstra stemningsfull innpakning.

 ” Musikalsk bevegar Sigrid Moldestad seg mellom tradisjon og fornying. Ho spelar hardingfele og fele, syng og skriv låtar. Til no har det vorte fire plater og den forrige plata ”Brevet til kjærleiken” vart kåra til ”Årets album 2014”, uansett genre, av NRK P1´s ”Norsk på Norsk”.

View Event →