Back to All Events

Anita Skorgans julekonsert

Gjer ein heilaften ut av intim julekonsert med Anita Skorgan på kulturhuset. Kom innom Restauranthuset Malin og kos deg med mat frå vår à la carte før eller etter konserten. Vi har opent frå kl. 11.00-24.00. Kjøkkenet stenger kl. 22.00.

Om konserten:

Dette er ein akustisk, intim og varm julekonsert med vekt på det vakre og meiningsbærande julesongrepertoaret vårt. Etter mange års samarbeid med andre artistar, er Skorgan endeleg nært tilstade solo, godt hjelpt av ypparlege musikarar.

Stillfaret, lyst og stemningsfullt nærmar ensemblet seg jula sitt bodskap og sete dei indre, djupe strengane i sving - dei som binde hjarta saman i den mørke førejulstida. Det er tid for å puste, reflektere, minnast barndommen si jul og få eit verdifullt møte med seg sjølv midt i vinteren si kulde og det kommersielle kaos.

Bio Anita: For 28 år sidan då Anita Skorgan var med på sin fyrste julekonsert i ei lita kyrkje utanfor Drammen, falt noko på plass i hennes musikalske liv. Frå eit utgangspunkt i klassisk piano, via viser og pop, fant ho via kyrkjerommet og jula etterkvart fram til sitt musikalske uttrykk, som sidan den gang har fått utvikle og fordjupe seg vidare. Ho rører menneske med sin song rett frå hjartet og legge stor vekt på sjølve formidlinga og kommunikasjonen med publikum. Det har blitt ein stor musikk produksjon: ca. 20 CD utgjevingar, mange konsertar, musikalteateroppgåver og TV opptreden gjennom åra.

Fjordane Musikkforum presenterer Anita Skorgans Julekonsert torsdag 17.desember kl.19.00 i Sogndal Kulturhus.