Kos deg med mat frå vår a la carte meny før konsert i Blaoboxen på Kulturhuset.
Om konserten:
Releasekonsert med Erlend Apneseth Trio i Blaoboxen!
Erlend Apneseth er ein prisvinnande hardingfelespelar frå Jølster i Sogn og Fjordane, og av dei aller fremste unge folkemusikarane i landet i dag. Samtidig har han etablert seg med eit meir moderne uttrykk der han søker seg mot improvisert musikk og samtidsmusikk, stadig med utgangspunkt i klangane frå hardingfela og folkemusikken. Erlend har lagt bak seg omfattande konsertverksemd i både inn- og utland, og I 2012 mottok han Grappas debutantpris. 4 år seinare er han no attende med ny trio og nytt album - og han er klar for å gje publikum i Blaoboxen ein magisk konsert!
Debutalbumet - Blikkspor, produsert av Arve Henriksen - kom i 2013 til strålande kritikkar. Av det tyske musikkmagasinet Jazzthing blir Apneseth omtalt som “ein spydspiss i den nordiske folkemusikken”, og av Bergens Tidende som “ein glimrande formidlar av folkemusikk, og samtidig ein nyskapar som utvidar folkemusikken i retningar som fascinerer”. Ikkje verst!
Erlend har no utvida samarbeidet med trommisunikumet frå Borgund - Øyvind Hegg-Lunde (Building Instrument, José Gonzalez sitt Junip), og gitarist Stephan Meidell (Cakewalk, Krachmacher) som også bidrog på debutalbumet. Det nye albumet - ferdig innspelt under namnet Erlend Apneseth Trio blir sleppt på det framadstormande selskapet HUBRO 5. februar 2016. Erlend Apneseth Trio Står på scena i Blaoboxen fredag 12. februar som ein av stoppa på releaseturnéen sin.
Fredag 12. februar
Dørane opnar: kl. 20:00
Konsertstart: kl. 22:00
Billettpris 215,- (Kjøpast på kulturhuset sine nettside eller i kulturhus-kiosken)