Back to All Events

Konsert med Kabaret Makaber i Blaoboxen!

Kabaret liggande.jpg

Kabaret Makaber er eit jazzensemble som speler noirforteljingar frå bygda på sognedialekt.

Med kjærleik for det skakke, vonde og burleske er Kabaret Makaber sognenoir på sitt verste og beste. Musikken er inspirert av tysk mellomkrigsmusikk, finsk tango, swingjazz og eldre revyviser med ein fandenivoldsk tilstadeverande som grensar til punk.

Tekstane sviv rundt i mørke dalar og krokete fjellvegar kor Djevelen kjem på døra ein sundagskveld, og bussar utan bussjåførar køyrer ruta mellom Høyanger og Lærdal. Austeuropeiske gravferdsagentar dansar vals med daudingane sine, raude sko vert kappa av med føtna då dei ikkje klarar slutte å danse, og ein flyktar over Filefjell etter å ha rana Indre Sogn Sparebank.

Kabaret Makaber speler ein biletrik framsyning som spenner frå innadvendte sørgeballadar til ekstatiske danselåtar og har opparbeida ein heftig liveperformance i den vestlandske undergrunnen. Konsertopplevinga ein får hjå Kabaret Makaber får ein ikkje nokon annan stad.

Kabaret Markaber består av: //Vokal: Marita V. Bratteteig // Altsax: Morten Norheim // Barytonsax: Mads Lønnkvist // Marimba: Torstein Åvar Sollien // Kontrabass: Alexander Lund // Trommer: Tomas Myklebust //

Earlier Event: January 16
Teater: So vakker du er
Later Event: January 30
Jubileumsførestilling - SiL 90 år