Back to All Events

Riksteatret: KALVØ

Kom innom Restauranthuset Malin og kos dykk med rettar frå vår à la carte-meny før eller etter showet til Are Kalvø på Kulturhuset. Vi har opent frå 12.00-24.00.

- Ein time av livet ditt du aldri får tilbake.

Humorshow av og med Are Kalvø

Visste du at vi nyttar om lag tre og eit halvt år av liva våre til å pusse tennene og stelle oss?

At vi søv i gjennomsnittleg 27 år? Ser på TV og er på nett i 10 år? Ikkje det?

Are Kalvø har saumfare tala i Statistisk Sentralbyrås Tidsbrukundersøking frå 2012, og funne fram til dei raraste ting vi bruker utruleg mykje tid på.

INTENS JAKT Er vi som lever her og no i det heile i stand til å gjere noko stort? Eller har vi for mykje anna å gjere? Kalvø leitar etter svar og nyttar skamlaust eksempel frå sitt eige liv og oppvekst, frå venner, kvardagsmenneske, politikarar, idrettsstjerner og andre kjendisar.

Til å hjelpe seg på scenen har han eit lite husband, i tillegg til ein ny gjest kvar kveld. FINN HAN SVARET?

Ikkje godt å seie, men han har tenkt å ha det morosamt medan han leitar. Og han har tenkt å bryte ut i song og digresjonar om alt frå plukkfisk til pubquiz, og kanskje – viss alt anna slår feil – i dans.

Nyttar vi tida vår på dei rette eller dei gale tinga? Kanskje ligg svaret på eit av livets store gåter skjult i tala om tidsbruk. Kanskje sjølve meininga med livet.

 «Are Kalvø stiller i en helt egen humordivisjon» Aftenposten

«En forestilling å få med seg» VG (5)

«De best anvendte 90 minuttene hvis man vil more seg» Dagsavisen

Speletid: 1 time og 30 minutt (ikkje pause). Turnépremiere i Stjørdal 11. november 2015. På turné til heile landet haust 2015 og vår 2016. På scenen Are Kalvø, Ole Marius Melhuus (bass) og Ståle Sletner (piano). Team Av Are Kalvø. Regissør Erik Ulfsby. Musikkansvarleg: Ståle Sletner. Scenograf og kostymedesignar: Mia Runningen. Projeksjonar: Raymond Stubberud og Nikolai Bergstrøm. Lysdesignar: Ole Randers. Dramaturg: Ola E. Bø. Manusinnspel fra Jens M. Johansson, Agnes Ravatn, Dagfinn Lyngbø og Erik Ulfsby. Riksteatret i samarbeid med Stand Up Norge presenterer KALVØ, ei framsyning produsert av Det Norske Teatret og Are Kalvø. KALVØ hadde urpremiere på Det Norske Teatret 31. oktober 2014