Back to All Events

Sigrid Moldestad – Vintersong 2015

Kombiner konsert med Sigrid Moldestad på kulturhuset med sushibuffet på Restauranthuset Malin.
Onsdag 9. desember har vi sushibuffet til kr. 198,- kl. 15:00-20:00.


Folkekjære og kritikarroste Sigrid Moldestad kjem også i år til Sogndal Kulturhus med førjuls-turneen “Vintersong”.

Fjorårets utselde VINTERSONG turne vart ein stor suksess! Med ei blanding av eigne songar, julesongar og andre låtar som passar mørketida lagde Sigrid Moldestad ein unik førjulskonsert. Det er difor med stor glede ein kan melde at ho gjentek konsertideen også i år. ” Vintersong er eit drøymeprosjekt” seier ho. «Eg hadde lyst å lage ein konsert med songar eg sjølv likar å lytte til i vinterhalvåret, nye versjonar av mine låtar og klassiske julesvisker i ei personlig musikalske drakt. Eg er veldig audmjuk over at folk likar å gå på konsert på denne tida av året, og at tilboda er mange. Difor var målet mitt å lage ein litt annleis konsert. Det trur eg vi lukkast med ifjor, seier ho.

I år vert råma ekstra nær og intim når ho tek med seg Oslo Strings. Strykekvartetten er kjende for å utfordre grensen for kva og kor eit strykeensemble skal vere og har jobba med alt frå Karpe Diem, Siri Nilsen, Marit Larsen og Kurt Nilsen til meir tradisjonelle klassiske uttrykk. Dei er også mykje nytta i studio, både til filmmusikk og plateinnspelingar. Saman med gitaristane Mattias Perez/Adam Johansson og med-arrangør Karl-Johan Ankarblom, vil songane til Sigrid Moldestad få ei ekstra stemningsfull innpakning.

 ” Musikalsk bevegar Sigrid Moldestad seg mellom tradisjon og fornying. Ho spelar hardingfele og fele, syng og skriv låtar. Til no har det vorte fire plater og den forrige plata ”Brevet til kjærleiken” vart kåra til ”Årets album 2014”, uansett genre, av NRK P1´s ”Norsk på Norsk”.

Earlier Event: December 2
Teaterframsyning: Fjordmann
Later Event: December 12
Julesong 2015